Dog dårlig start, så er det SÅ deilig å stå opp tidlig, og ikkje gjere noko! Berre slappe av. Niceness! Anne Lene sine rundstykker, Silje på kaffibesøk, noko nytt på spotify, planlegge festivalsommaren, vente på at Marianne kjem på besøk. Søndag - I love it.
Til slutt - eit etisk dilemma. Lily Allen, det nye tilskuddet i musikkbiblioteket mitt, har ganske kul musikk og ganske kul stemme, men veldig mykje dårlig språk i tekstane sine. Allerede har eg droppa "F**k you"-låta frå spelelista, men kva synest de? Kor mykje av banning kan ein tåle, før ein bør unngå det for sin egen del? Og merk, dette gjeld ikkje berre musikk, men og TV/film og kanskje tilogmed dilemmaet "når kan ein be venner og bekjente dempe stygg språkbruk"? Set pris på nokre tilbakemeldingar her:)
1 kommentarer:
"Driving slow on sunday morning..." For å sitere ein annan usømeleg tekst. :P
Men ja, den problemstillinga du peika på, har eg tenkt mykje på. Eg hadde eit foredrag om tematikken - når det gjeld film - på Kvitsund for ei stund sidan, og planen vår å halde eit liknande foredrag i Misjonssalen i løpet av våren. Vi får sjå.
Men ja. Vener og bekjente...vel. Eg er så heldig(?) at eg har få vener med stygg språkbruk. Dersom eg kjenner dei veldig godt, kan eg nok kritisere språkbruk hjå dei. Men det skjer svært sjeldan, og det trur eg er ganske greitt. Som kristen er ein i alle fall ikkje kalla til å gå rundt og pirke på folk. Då skal ein i alle fall vite litt kva ein gjer. Noko anna er sjølvsagt at ein kan ha sterke meiningar om temaet og gå foran med eit godt førebilete.
Når det gjeld film og musikk...vel, eg har større toleranse for film enn for musikk. Dette er nok fyrst og fremst fordi få pop/rock-musikktekstar er verkeleg gode, og dersom dei inneheld banning/dårleg moral o. l., så er det desto mindre sjanse for at dei er kvalitetsmessig gode. Og då ser eg ingen grunn til å lytte til det. Eg meiner det er sunt dersom ein reagerer på slikt, og motsett usunt dersom ein ikkje reagerer.
Film blir liksom ei litt anna, og litt meir komplisert, problemstilling, tykkjer no eg. Hm. Banale filmar/seriar som spelar på umoral og stygt språk, held eg meg gjerne unna. Men personleg kan eg godt tole å sjå noko stygt språk og umoral dersom dette inngår i eit større heile og det ikkje vert moralsk anbefalt av manusforfattar.
Men klart det kan (og bør!) vere ope for debatt og samtale om denne tematikken. Mange kristne ser ikkje ut til å ha tenkt på problemstillinga, nesten. Og det er jo ikkje bra.
Legg inn en kommentar