tirsdag, april 07, 2009

"Fint å ha noko å lese på," sa aftenpostenmannen og stakk dagens avis opp i handa mi. Sidan det var solbrillever og dagen før tysklandtur, tenkte eg at "ja, det ER fint å ha noko å lese på", smilte og takka for avisa til aftenpostenmannen på stortorvet.

"Yes! Eg rakk den akkurat!!" 17trikken, altså. Inn med kofferten og smile til 2åringen som roper heiheihei til alle som kjem inn på trikken. Sette seg ned på setet. Ta fram avisa.

D'Acuila. Stemningsskifte.

Alle desse menneska som har mista livet, eller fått liva øydelagt fordi eit barn, ein ektefelle, ei mor eller ei kjær vennine er død. Heile familier som er utsletta. Barn som sit igjen aleine.
Bileta viser ein far som står sørgande ved eit sammanfalle hus. Sonen ligg visst i ruinane. Neste bilete er same far som skrik av glede fordi sonen er funnen i live. ... Eg må legge frå meg avisa for å hindre at tårene som presser på.


...

"Sin has lost it's sting.
What was once called sin is now what we call adult naughtiness"
Dette kunne ein lese i ei britisk avis for litt sidan.

Er det slik?

Bibelen seier: Synda si løn er døden. Eller, for å halde fram på engelsk: The sting of sin is death.

Når me ser på bileta frå D'Acuila, eller kvar den av oss som har opplevd død og sorg på nært hald, har kjent det stikket.

Men heldigvis: Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.


Ja, det ER fint å ha noko å lese på. Les 1.korinterbrev, kapittel 15 i dag!

1 kommentarer:

Ingrid sa...

Takk. :)