lørdag, februar 28, 2009

Hin dagen lova eg meg sjølv at eg skulle slutte å irritere meg over ting eg ikkje kan endre.
I dag braut eg den lovnaden.
For noko av det som verkeleg gir meg makk er
dei som, på ein overfull buss/trikk, sit på det ytterste setet slik at det er svært vanskeleg å sette seg innerst. OG dei som, igjen på ein full buss/trikk, ikkje gir frå seg setet til gamle mennesker. aaaaarrrrrrrggghhh.

torsdag, februar 26, 2009

Å rotfylle ei tann skal normalt vere smertefritt.

...viss du får tilstrekkelig bedøving.


Det tok si tid, og 4+1 sprøytestikk, men no er det over. HELDIGVIS, er det over.
Høgdepunkt: å få korleis ei nerve ser ut. Eg fekk nesten lyst å studere medisin. Nesten.

onsdag, februar 11, 2009

Farvel Medan

Eg skulle gjerne ha vore her lengre. Ei veke til, ein måned til, eit år.
Budd i TASBI,
tatt becak til hovedgata, angkot til dagens gjeremål,
med slippersa på beina
kløande på nattas myggstikk,
litt for mykje chili til lunsj,
slått ut av varmen.

Nyte den kjølige lufta før 8 om morgonen,
truvedkjenninga på indonesisk,
knotete språk,
stekte nudler
ferie til Lake toba og Samosir
vennlige fjes over alt,
varm kropp
varme i hjertet.

ææææ!!!!!!


mandag, februar 09, 2009

mandag i medan

Idag:
-vore hos fotograf
-ifoert hijab gitt bibelskolelaererkortet mitt til ei muslimsk jente inne i moskeen. (ho spurte!)
-kjoept briller. (berre halveis fornoegd med stilen, men dei er rett styrke og rett pris)
-blitt minna paa det minst sjarmerande med indonesia: mati lampu (naar stroemmen blir skrudd av)

onsdag, februar 04, 2009

Gode dagar

Sola står på fullt, palmene svinger lett i vinden, bordet bugner av frukt og juice, solbrillene på og eg sit i ein open bungalow ei lita stund. Ah, tenk å vere her ved Lake Toba igjen. 

Etter ei hektisk førsteveke i Indonesia med mange minner og følelser som har vendt tilbake, kjenner eg at kroppen roer seg ned her oppe i fjella. Her er det ingen som stresser, ingen som roper, ingenting som må gjøres, ingenting som bekymrer. Her er livet til for å nytes. Og nyter det, det gjer eg. Einaste som forstyrrer roa er ein og anna maur som forviller seg opp leggen min.
 Men sjølv det vert sjarmerande her. 

Om kvelden, når sola skrus av (ja, i indonesia virker det som om den skrus av. switch, der var det mørkt), samles heile gjengen for å ete litt frukt, ei pannekake med sjokolade, ein kaffi eller ein av dei mange mange deilige juicane. Vi snakker om alt fra dagens solingsresultat til misjon og/eller onde ånder. 

Men samme kor herlig det er her oppe på Samosir. Samme kor deilig sola er. Samme kor avslappande livet er, så er det ingenting som slår å møte jentene på blindeskulen igjen. Virkelig! Det var så kjekt at dei huska meg, ja, ikkje berre huska meg, men var så glad for å sjå meg igjen.
 Få gå rundt på blindeskulen, litt bak dei andre som fekk omvisning, og prate med Dewi, Wilma og Ida igjen, slår alt til no. Å møte venner, merke gjensynsglede, kjenne på ein kjærlighet på tross 

mandag, februar 02, 2009

I Indonesia

Det er merkelig å kjenne seg heime i eit land som ligg på den andre sida av kloden. Veldig rart og veldig godt. Og litt skummelt. Her kjem nokre av høgdepunkta hittil:

Tilbake på Yapentra/blindeskulen. For ein velkomst! Glede i mitt hjerte. Her: dewi, meg, wilma, ida og olav.
Barnegudstjeneste på søppelhaugen. 
Vi snakker ekstrem fattigdom. Familier som lever på berre ris i vekes- og månadsvis. NLM og underorganisjonen LOS har starta fleire helse- og bistandsprosjekt her. VELDIG bra prosjekt. Me fekk vere med på barnegudstjeneste. Om dei manglar alt, så har dei Jesus. Og gleden over det skinner lang vei. Desse timane her satte djupe spor i meg.

På veg til Lake Toba besøkte me ein barneskule som NLM støtter. Veldig mange sjarmerande born. Då dei skjøna at eg kunne litt indonesisk var praten i gang. Veldig gøy!